Pressemelding 29.03.21

Det er ikkje rapportert om Covid-19 smitte i Etne kommune sidan sist. Berre eit fåtal personar sit i karantene per nå. Det er Covid-19 smitte i fleire av våre omliggande kommunar og me må ta smitteverntiltaka på alvor. Risikonivået er sett til 4 på grunn av den regionale situasjonen, og press i spesialisthelsetenesta. 

Me vil minna om at det finnes nasjonale reglar som varer til 12. april, og ei lokal forskrift som varer til og med 05. april.
Du kan lesa meir om dette her: Regjeringen innfører strengere nasjonale tiltak - regjeringen.no   og  Forskrift om førebygging av Covid-19 smitte i Etne kommune, Vestland - Etne kommune (PDF, 161 kB)

Me vil oppmoda alle om å testa seg og halde seg i karantene i påvente av prøvesvar.
Følg med på nettstaden til Vindafjord kommune om når teststasjonen er open i påskeveka Informasjon om koronasituasjonen - Vindafjord kommune

Vaksinasjon

I Etne vil me i veke 13 få tildelt 13 glas frå Pfizer/BioNtech, noko som tilsvarar 78 dosar. Desse går til gruppe 3 (75-84 år), og nokre få helsepersonell. I neste veke forventar me å starte vaksinering i gruppe 4.

 

Me nyttar berre Pfizer/BioNtech vaksine i Etne kommune per nå. Det er ennå uvisst kva som vil skje med vaksina frå AstraZeneca.
I veke 14 vil me få 18 glas frå Pfizer/BioNtech, totalt 108 dosar. Dette er den største tildelinga til no.

Alle som får denne vaksina etter 15. mars skal ha 2 dosar med 6 vekers mellomrom.

Ein del tar kontakt og lurar på når det er deira tur til å få vaksine. Med tanke på at me berre veit 1-2 veker fram kor mykje vaksine me får tildelt er det vanskeleg å svare eksakt til dei som lurar. FHI har laga ein modell som tar føre seg korleis ein forventar at det skal vera ut over vår og sommar. Som me veit kan det skje store endringar på kort tid, så dette er berre eit estimat.

Hvem kan få koronavaksine og når forventer vi å kunne vaksinere ulike grupper? - FHI

Me vil ynskje alle i Etne kommune ei riktig god påske