Pressemelding - Koronavaksine til utanlandsstudentar

 Me oppfordrar studentar som har planar om å studera utanlands om å ta kontakt med oss allereie nå for å oppnå fullvaksinering før avreise.

Dette seier Folkehelseinstituttet (FHI) om vaksinering av studentar:

• Mange studentar vil ikkje vera i studiekommunen når deira tur i vaksinekøen kjem sidan dette vil skje i løpet av sommarferien. Følgjande punkt er sentrale for studentvaksinering:

• Det er i utgangspunktet fordelaktig at studentar tar imot tilbodet i den kommunen dei er folkeregistrerte.

• Samtidig må studiekommunen vera budd på å tilby vaksine til studentar som oppheld seg i kommunen, og ha ordningar som gjer at desse kan registrera seg.

• Hovudregelen er at studentar, som andre, skal motta andre dose der dei mottok første dose. Dette vil imidlertid ikkje vera mogeleg for alle, men med dei estimata me har nå vil dei fleste kunna få tilbod om to dosar innan semesterstart.

• Det kan bli aktuelt å ha opphentingsvaksinasjon i regi av studenthelsetenestene til hausten for å fanga opp studentane som ikkje har fullført vaksinering i løpet av sommaren.

• Norske studentar som studerer, skal studera eller skal på utveksling i utlandet, bør få tilbod om begge dosar før dei reiser frå Noreg.

• Utanlandske studentar som skal studera i Noreg over tid har krav på vaksine på lik linje med andre som bur og opphelder seg i Noreg. Bustadkommunane (altså som regel universitetsbyen) har ansvar for å gi tilbod til denne gruppa.

De kan kontakte oss på følgande måte:

Koronavaksinetelefonen: 91344955. Open måndag til fredag 08.30 til 10.00. Send gjerne ein sms.
Eller send ein e-post til: koronavaksine@etne.kommune.no

 

Etne kommune