Pressemelding veke 1 - 2022

Me vil starte med å ynskja alle eit godt nytt år. Me håpar jo alle saman å møte eit betre og enklare år i 2022, og at me kan finne gode og kreative løysingar for å leva parallelt med pandemien.

Status

I veke 52 var det 4 smittetilfelle av Covid-19 i Etne kommune. Alle hadde Deltavirus og kjent smitteveg. Det er ennå ikkje påvist smitte med Omikron virus i Etne kommune.

Vaksinasjon

Me er godt i gang med vaksinasjon med 3. dose til alle over 18 år som har 20 veker eller lengre intervall mellom dose 2 og 3. Alle over 45 år har fått ein sms med påminning om vaksinasjon. Dersom du allereie er vaksinert med 3. dose eller har fått deg ein time på så må du berre sjå bort frå sms-meldinga. Snart kjem det ein sms til alle mellom 18-44 år med same påminninga og ei lenke til påmelding. Du vil ikkje kunne bestille time til vaksinering før det er gått 20 veker sidan førre dose.

Har du ikkje fått sms? Då kan det hende du ikkje er folkeregistrert i Etne, eller at telefonnummeret ditt ikkje er riktig/manglar i folkeregistrert.

Du kan bestilla deg ein time ved å følgja denne lenka: https://timebestilling.remin.no/etne    eller   send Vaksinekontoret ei melding på 91344955


Immunsupprimert?

Personar med alvorleg svekka immunforsvar grunna sjukdom eller bruk av immundempande medisinar har generelt dårlegare respons på vaksiner samanlikna med friske personar. I tillegg har disse pasientgruppene høgare risiko for å bli alvorleg sjuke dersom dei blir smitta med koronaviruset og er derfor anbefalt ein ekstra tredje vaksinedose i si primærvaksinasjonsserie. Alle skal ha fått tilbod om dette hausten 2021.  Nå er det klart for 4. dose som oppfriskingsdose for denne gruppa.

Det skal gå 12 veker mellom dose 3. og dose 4. i denne gruppa.

Me veit at nokre allereie har fått brev frå behandlande lege på sjukehuset om at dei skal ta 4. dose. Då er det berre å kontakte vaksinekontoret for å avtale ein time.

Kven gjeld dette for?

- Alle som brukar immundempande behandling (siste 2 åra) lista opp på denne medisinlista: medikamentliste_130921v3.pdf (legeforeningen.no) bør ta kontakt med vaksinekontoret for å få time til 4. dose.

- Organtransplanterte

- Beinmargstransplantasjon siste 2 åra, eller ein pågåande graft versus host- sjukdom som krev immunsuppresjon etter ei vurdering av behandlande sjukehusspesialist 

- Alvorleg og moderat primær immunsvikt 

- Aktiv dialysebehandling 

- Pasientar med kronisk nyresvikt stadium 5 

- Avansert eller ubehandla hiv-infeksjon 

 

Elisabeth Selland Winterthun
Kommuneoverlege