Pressemelding veke 26

Klikk for stort bilde Status

Etne kommune har nå ingen nye smittetilfelle i kommunen. 
Risikonivået er sett til nivå 1.

Det er framleis dei enkle råda som beskyttar best mot Covid-19: 

- Hald deg heime om du er sjuk

- Ta ein koronatest om du får luftvegssymptom, også om du er vaksinert mot Korona

- Hald 1 meter avstand til andre

- Hald hendene reine

- Last ned Smittestoppappen og bruk denne

Vaksinasjon

Etne kommune vil i veke 26 setje 174 dosar vaksine. Me fortset med gruppe 8 denne veka. Det er dei som er mellom 55 og 64 år utan risikotilstandar. Me starta på dei eldste fyrst. Alle vil nå få vaksinedosane med 12 veker mellomrom.

I veke 27 får Etne kommune 138 dosar vaksine, og me fortsett med gruppe 8 denne veka og. 

Vaksinasjon vil gå føre seg torsdagar og fredagar i vekene framover. På grunn av haldbarheita til vaksinen er det ikkje mogleg å få vaksine på andre dagar enn dei faste vaksinasjonsdagane. 

De kan kontakte oss på følgjande måte:

Koronavaksinetelefonen: 91344955. Open måndag til fredag 08.30 til 10.00. Send gjerne ein sms.

Eller send ein e-post til: koronavaksine@etne.kommune.no

Forventa framdrift for vaksinasjon i sommar

 

Etne kommune har nå fått prognose for tal vaksinar i vekene 28 til 33 frå FHI.  

Me har berekna kva dette vil bety for oss om prognosen blir rett. Sjå tabell under:

Prognose vaksinering

Gruppe:

Tal innbyggarar:

Status:

Forventa ferdig:

Gruppe 8 (55-64 år) 420 Pågåande Veke 29
Gruppe 9 (45-54 år) 369 Oppstart veke 29 Veke 31
Gruppe 10 (18-24 + 40-44 år) 542 Oppstart veke 31 Veke 32
Gruppe 11 (25-39 år) 589 Oppstart veke 33  
  • Du vil få ein sms med lenke til timebestilling når det er din tur.
  • Du treng ikkje ta kontakt med vaksinekontoret FØR du har fått sms for timebestilling om du har behov for å utsette timen.
  • Det er ikkje anledning til å framskunde vaksinetime om du ikkje kan møte den veka du er oppsett. Du kan få time på eit seinare tidspunkt.

Etne kommune