Pressemelding veke 27

Klikk for stort bilde Status

Etne kommune har nå ingen nye smittetilfelle i kommunen. Risikonivået er satt til nivå 1.


Det er ennå dei enkle råda som beskyttar best mot Covid-19:



 

- Hald deg heime om du er sjuk

- Ta ein Koronatest om du får luftvegssymptomer, også om du er vaksinert mot Korona

- Hald 1 meter avstand til andre

- Hald hendene reine

- Last ned Smittestoppappen og bruk denne


Vaksinasjon

Etne kommune vil i veke 27 setje 138 dosar vaksine. Me startar denne veka med gruppe 9. Det er dei som er mellom 45 og 54 år utan risikotilstandar. Me starta på dei eldste fyrst. Alle vil nå få vaksinedosane med 12 veker mellomrom.

I veke 28 får Etne kommune 108 dosar vaksine, og me fortsett med gruppe 9 denne veka og. Me har byrja å prioritere 10% av vaksinasjon til lærarar og barnehagepersonell. Personar som utførar pleie- og omsorgsoppgåver i heimen for personar med alvorlege tilstander vil også bli prioritert, dette kan for eksempel være foreldre til barn med alvorleg sjukdom. Dersom du er i denne gruppa kan du ta kontakt med fastlegen din slik at du blir framprioritert.

Vaksinasjon vil gå føre seg torsdag og fredag denne veka. Frå veke 28 vert det fredagar som er vaksinasjonsdagar i vekene framover. Då vaksinerer me på helsestasjonen i Etne. På grunn av haldbarheita til vaksinen er det ikkje mogleg å få vaksine på andre dagar enn dei faste vaksinasjonsdagane. 

De kan kontakte oss på følgjande måte:

Koronavaksinetelefonen: 91344955. Open måndag til fredag 08.30 til 10.00. Send gjerne ein sms.

Eller send ein e-post til: koronavaksine@etne.kommune.no


Forventa framdrift for vaksinasjon i sommar

Etne kommune har nå fått prognose for tal vaksinar i vekene 28 til 33 frå FHI. 
Me har berekna kva dette vil bety for oss om prognosen blir rett. Sjå tabell under:

Prognose vaksinering

Gruppe:                                     Tal innbyggarar:                Status:                        Forventa ferdig:

Gruppe 9 (45-54 år)                      369                                   Pågåande                    Veke 29

Gruppe 10 (18-24 + 40-44 år)       542                                  Oppstart veke 30          Veke 31

Gruppe 11 (25-39 år)                     589                                  Oppstart veke 32
 

  • Du vil få ein sms med lenke til timebestilling når det er din tur.
  • Du treng ikkje ta kontakt med vaksinekontoret FØR du har fått sms for timebestilling om du har behov for å utsette timen.
  • Det er ikkje anledning til å framskunde vaksinetime om du ikkje kan møte den veka du er oppsett. Du kan få time på eit seinare tidspunkt.

Etne kommune

Karsten Strømø Hatteland

Fungerande smittevernlege