Pressemelding veke 28

Klikk for stort bildeStatus: Etne kommune har ingen nye smittetilfelle i kommunen. Risikonivået er satt til nivå 1.Det er ennå dei enkle råda som beskyttar best mot Covid-19:

  • Hald deg heime om du er sjuk
  • Ta ein Koronatest om du får luftvegssymptomer, også om du er vaksinert mot Korona
  • Hald 1 meter avstand til andre
  • Hald hendene reine
  • Last ned Smittestoppappen og bruk denne


Vaksinasjon

 

Etne kommune har i veke 28 tilgjengeleg 114 dosar, som blir sett på fredag. Me held fram med gruppe 9. I veke 29 har me tilgjengeleg 288 dosar, som blir sett på torsdag og fredag. Me fullfører då gruppe 9 og byrjar på gruppe 10. Truleg vil Vindafjord kommune ha 1. dosar til overs som vil bli gjort tilgjengeleg for Etnebuar eller FHI gjer omfordeling av doseleveranser. Nye vaksinedosar vil bli gjort tilgjengeleg på same måte som før på SMS.

Er det nokon som skal studere i utlandet må dei ta kontakt snarast for å få to dosar vaksine før avreise. I gruppe 10 vil me starte med 2002 og 2001 kullet som gjerne er dei som reiser vekk til hausten. 2. dose vil dei få på studiestad. (2003 kullet blir teke inn etter kvart ettersom dei fyller 18).  I alderen 40-44 år vil me prioritere etter eldste alder. Personell i barnehage og skular vil få prioritet slik som påbegynt etter FHI sine anbefalingar.

De kan kontakte oss på følgjande måte:

Koronavaksinetelefonen: 91344955. Open måndag til fredag 08.30 til 10.00. Send gjerne ein sms.

Eller send ein e-post til: koronavaksine@etne.kommune.no

 

Forventa framdrift for vaksinasjon vidare i sommar

Etne kommune har nå fått prognose for tal vaksinar i vekene 29 til 33 frå FHI.  
Veke 29 - 288 dosar 
Veke 30 - 286 dosar 
Veke 31 - 316 dosar
Veke 32 - 352 dosar 
Veke 33 - 30 dosar

  • Du vil få ein sms med lenke til timebestilling/tildelt time når det er din tur.
  • Du treng ikkje ta kontakt med vaksinekontoret FØR du har fått sms for timebestilling om du har behov for å utsette timen.
  • Det er ikkje anledning til å framskunde vaksinetime om du ikkje kan møte den veka du er oppsett. Du kan få time på eit seinare tidspunkt.
  • Alle utanom utanlandsstudentar, vil nå få vaksinedosane med 12 veker mellomrom.
  • All vaksinering blir på Etne helsestasjon (ikkje i Skånevik).

Etne kommune

Elin Grindheim Hovda

Vaksinekoordinator/leiande helsesjukepleiar