Sjå politiske møte på nett
Møta i kommunestyre, formannskap, driftsutval og forvaltningsutval vert nå overført på nett, og publikum kan følgje dei på Kommune-TV direkte.
Skjermdump
Opptak av møta ligg tilgjengeleg på www.etne.kommunetv.no i 2 år etter møtedato.
Møta kan fritt leggjast inn i andre nettløysingar og lastast ned.
Vilkår for bruk
- Ved vidareformidling av direkte video eller opptak frå møta må det informerast om at Etne kommune er rettshavar
- Det er ikkje tillate å utnytte sendingane eller opptaka kommersielt
- Opptak av kommunale møte kan ikkje nyttast i reklamesamanheng
Sist endret28.04.2022 11:25