Skogdag på Fikse i Etne

Skogselskapet, Etne Skogeigarlag, AT Skog, Etne kommune og Statsforvaltaren i Vestland inviterer til skogdag for skogeigarar og skoginteresserte.

Folk samla rundt bålpanne - Klikk for stort bilde

Opent for alle. Ingen deltakaravgift.
Enkel servering med kaffi og noko attåt.

Oppmøteplass: Ved skytebana på Fikse i Etne
Dato og tidspunkt: Torsdag 21. september klokka 10.00

Program/tema:

Hogst

  • Tømmerprisar og marknad
  • Hogstmetodar og lønsemd
  • Skogsbilvegar
  • Revidert PEFC skogstandard
  • Inntekter og utgifter i skogen
  • Skogfond

Synfaring av plantefelt/ungskogfelt

  • Vurdering av plantefelt
  • Demonstrasjon/vurdering av ungskogpleie
  • Kvalitetsfremjande tiltak i skogen
  • Tilskotsatsar
  • Smart bruk av skogfond

Det vil vere mogelegheiter for gode skogdiskusjonar og stille spørsmål til fagpersonar frå skogbruket

Alle skogeigarar vil ha nytte av dette.

Skogselskapet, kommunen, Statsforvaltaren og AT Skog vil delta.
Vel Møtt