Søkjer avlastar

Etne kommune søkjer privat avlastar til ein aktiv gut på 8 år med Down syndrom. 

 

Han likar å vera ute,  leika og vera med på turar. Han er glad i dyr. Me leitar etter deg/dykk som er ein trygg, aktiv og fleksibel familie. Du må ha tid, overskot og lyst til å vera med eit barn på 8 år.

Dersom familien har barn, bør desse vera 7 år eller eldre. Oppdraget er på 4 timar gjennomsnittleg i veka. Korleis timane vert fordelte kan avtalast med føresette.

Avlastar får ein fast arbeidsavtale i kommunen. Lønn og godtgjersle vert gitt etter KS sine satsar. Familiemedlemmer som er over 18 år, må framvisa politiattest. Om du er interessert eller har spørsmål til oppdraget, ta kontakt med Astrid Fagerjord Harboe på telefon: 480 55 656.