Stemming dersom du er i karantene eller er sjuk

Klikk for stort bildeHeimestemming og karantenestemming

Heimestemming

Veljarar som er for sjuke til å ta seg fram til eit vallokale har krav på å få stemma heimefrå. Frist for å søka om heimestemming er fredag 10. september klokka 10.00. Det er ikkje krav om skriftleg søknad. Ring oss i resepsjonen på tlf. 53 75 80 00 og be om å få stemma heimefrå. 

Karantenestemming 

Dersom du er i karantene eller har symptom på sjukdom, skal du ikkje møta opp i våre ordinære vallokale.  Du kan då ta kontakt på telefon 53 75 80 00 før kl 10.00 på valdagen. 
Du får avgi stemmen ved Tinghuset på valdagen mellom kl 15-17.

Er du i isolasjon på valdagen, kan du kontakta resepsjonen på telefon 53 75 80 00 innan klokka 10.00 på valdagen måndag 13. september, for å få stemma heime.