Det er jamleg behov for støttekontaktar i Etne kommune. Nå er det tre personar som ønskjer støttekontakt.
Nett nå ønskjer desse personane støttekontakt:
Gut 11 år ønskjer nokon som kan vera med han på faste fritidsaktivitetar. Guten likar å gå på fotballkamp, vera med i kor og sykla. Oppdraget er på 2 timar i veka.
Mann 23 år ønskjer å vera meir sosial og ha nokon å gå turar med. Det er ønskjeleg med person i same aldersgruppa. Oppdraget er på 2 timar i veka.
Dame på 35 år ønskjer nokon ho kan gå tur og trena i lag med. Personen må lika hundar. Oppdraget er på 2 timar i veka.
Støttekontakt får ein fast arbeidsavtale i kommunen. Lønn og godtgjersle vert gitt etter KS sine satsar. Du må visa politiattest. Om du er interessert eller har spørsmål til oppdraga, ta kontakt med Astrid Fagerjord Harboe på telefon: 480 55 656.