Telenor moderniserer mobilnettet

Nå vert mobilnettet oppgradert slik at fleire får tilgang til 5G og endå betre kapasitet på 4G.

Kart over område som skal oppgraderast - Klikk for stort bildeKartutsnitt av området som vil kunne oppleve periodevis redusert kvalitet eller manglande dekning i høve arbeidet.

Oppgraderinga skjer ved at basestasjonane vert oppgradert. I området denne basestasjonen dekker, vil det under oppgraderinga vera lågare kapasitet og i periodar ingen dekning. Dette gjeld kun i område der ein ikkje har overlappande dekning frå ein annan basestasjon.

Det vert nå planlagt arbeid på ein basestasjon i vårt område med oppstart 09.09.2024 kl. 07.00 og er forventa ferdig 13.09.2024 kl. 22.00. Arbeidet har referansenummer 23384. Det er størst sannsynlegheit for forstyrringar rundt 12.09.2024.

Telenor varslar kundar som har tenestene trådlaust breiband og abonnement på mobil direkte dersom dei forventer at dei mistar dekning på registrert adresse.

For meir informasjon om dekning og utbygging, sjå Telenor sine nettsider.