Tilbod om skogbruksplan til skogeigarar i Etne
Frist for bestilling er 15. mars 2023.
Hogstflate
Eileen Selland
Sjå link til bestillingsskjema her
Den 1. mars 2023 var det informasjonsmøte om skogbruksplan for skogeigarar i Etne kommune på Etne tinghus. AT-skog vant tilbodet om å taksere skogen i Etne og Kvinnherad, og plansjef Kjetil Vinje orienterte skogeigarane som var på møtet m.a. om kvifor det er viktig å ha ein skogbruksplan og bruksverdien av planen. Dei nye planane er både digitale og på papir.
Dei som kjøper skogbruksplan får dekt 70 % kostnaden med statstilskott og resten kan dekkast av skogfond. Det er meir enn 20 år sidan skogeigarane i Etne fekk tilbod om å kjøpe skogbruksplan sist, og det kan vere like lenge til neste gong eit slikt tilbod kjem. Skogeigarar som har tenkt å hogge skog i kommande 15-årsperiode må miljøsertifisere skogen sin for å kunne selje tømmeret. Inkludert i skogbruksplanen er miljøsertifisering av skogen.
Om skogeigarar bestemmer seg for å hogge tømmer for salg og ikkje har skogbruksplan vil dei måtte finansiere miljøregistreringane sjølve 100 %. Det er difor pengar å spare på å kjøpe skogbruksplan no, i tillegg til at skogbruksplanen vil gi ein god oversikt over skogressursane på eigedomen for noverande og kommande eigarar av garden.