Tilskot frå fond Kraftkontrakten

Klikk for stort bildeNy tildelingsrunde frå Kulturkraftfondet har søknadsfrist 15. september. 

Primært vert det gitt tilskot til å støtta opp om prosjekt, tiltak og aktivitetar av eingongskarakter. Fondet kan nyttast til investeringar i varige driftsmidlar, både for ålmennyttige organisasjonar og kommunale tiltak innen Etne elektrisitetslag sitt tidlegare konsesjonsområde.

Etne kommune og Etne Elektrisitetslag inngjekk i desember 2019 avtale om overføring av ein gammal konsesjonskraft-kontrakt.  Som ein del av avtalen mellom partane, blei det frå 2020 oppretta eit kommunalt fond som skal tilførast delar av forventa kommunale kraftinntekter. Midlane frå fondet skal gå til å støtta ulike ålmennyttige formål i Etne kommune.

Midlar frå fondet skal innafor formålet tildelast lag og organisasjonar innan Etne elektrisitetslag sitt tidlegare konsesjonsområde (Etnebygda med Stordalen og Kyrping). Midlane skal ikkje brukast til løpande drift, med unnatak for tilskot til avdrag på investeringar gjort i tråd med fondet sitt formål.
Støtte kan gjevast i form av både lån og direkte tilskot.

Midlane blir utbetalte til søkjarane etter dokumentert gjennomføring av tiltaket.

For spørsmål, kontakt Kulturkontoret på kultur@etne.kommune.no eller tlf 53 75 81 28 (Liv-Kari).

Vedtekter for Fond kraftkontrakten (PDF, 274 kB)

Digitalt søknadsskjema Fond kraftkontrakten - Etne kommune