Tilskot til berekraftig verdiskaping i Vestland fylke 2022

Vi lyser ut inntil 20 millionar kr. til tileretteleggjande tiltak for berekraftig verdiskaping i fylket, med prioriterte satsingar innan grøn næringsutvikling og kompetanseutvikling i arbeidslivet.
Søknadsfrist er 10. mai og handsaming i hovudutval for næring er 31. august.

 

Midlane skal bidra til at Vestland blir det leiande verdiskapingsfylket basert på berekraftig bruk av naturressursar, grøn næringsutvikling og innovasjon.

Gå inn på Vestland fylkeskommune si heimeside og gjer deg kjent med dei prioriterte satsingsområda, vurderingskriterium og anna viktig informasjon. Her er lenkje til sida Tilskot til innovasjon og næringsutvikling - Vestland fylkeskommune.