Tilskot til inkludering av barn og unge

Offentlege instansar, frivillige organisasjonar og private aktørar kan søka om tilskot frå denne ordninga. Søknadsfrist 17. desember 2021.

Klikk for stort bilde  

Om tilskotsordninga

  • Beløp: Løyvinga vil først bli avklart etter at Stortinget har vedtatt statsbudsjettet for 2022 i desember 2021. I forslag til statsbudsjett er det sett av om lag 550 mill. kroner. Skipinga av ny og samanslått tilskotsordning vil òg komma fram av budsjettvedtaket. Tilskotsordninga blir kunngjord med atterhald om Stortingets endelege budsjettvedtak.
  • Søknadsfrist: 17. desember 2021
  • Saksbehandlingstid: Informasjon om forventa saksbehandlingstid blir oppdatert i januar 2022.
  • Rapporteringsfrist: 31. januar 2023. Vêr oppmerksam på at dette er ei endring frå tidlegare ordningar og gjeld frå og med tilskotsmiddel de mottar for 2022 frå ny tilskotsordning.

Kven kan søka?

  • Offentlege instansar, frivillige organisasjonar og private aktørar kan søka om tilskot frå denne ordninga. 
  • Enkeltpersonføretak eller privatpersonar kan ikkje søka. 
  • Det er berre kommunar og fylkeskommunar som kan søka om tilskot til å tilsetja personar som skal følgja opp ungdom i utdanningsløp, såkalla "lósar/ungdomslósar". Kommunen søker gjennom hovudsøknaden sin, medan fylkeskommunar søker gjennom eige skjema.
  • Det er berre kommunar som kan søka om tilskot til prosjekt som skal føra til auka koordinering og samarbeid mellom aktørane som bidrar i arbeidet med målgruppa. 
  • Bydelane i Oslo er sidestilt med kommunar. 
  • Verksemda som søkar om tilskot, må vera registrert i Enhetsregisteret.
  • Ein frivillig organisasjon er ein organisasjon som er registrert i Frivillighetsregisteret.
  • Ein privat aktør er ei verksemd som er registrert i Enhetsregisteret, men som ikkje er ein frivillig organisasjon eller offentleg verksemd.

Heile utlysinga og meir informasjon finn du på Bufdir sine sider.