Tilskot til kulturlivet

Ein ny og aktiv – får me håpa – haust står for døra, og me minner om viktige fristar for tilskotsordningar som kan skaffa pengar til det viktige arbeidet som lag, organisasjonar, forsamlingshus og andre kulturaktørar driv i kommunen vår.

Pengesetlar - Klikk for stort bilde 

Fond kraftkontrakten – søknadsfrist 31. august

Fondet skal støtta tiltak som bidrar til å fremja kultur, idrett og frivilligheit. Bakgrunnen er ein avtale mellom Etne kommune og Etne El-lag, og støtte frå fondet kan delast ut til lag, organisasjonar og kommunale tiltak innan Etne Elektrisitetslag AS sitt tidlegare konsesjonsområde.

Det blir gitt tilskot til prosjekt, tiltak og aktivitetar av eingongskarakter og til investering i varige driftsmidlar. Støtta kan gjevast i form av både lån og direkte tilskot.

Meir informasjon og søknadsskjema: Fond kraftkontrakten - Etne kommune

Kommunalt driftstilskot – søknadsfrist 15. september

Kommunen gir driftstilskot som kan søkjast av lag og organisasjonar som driv med idrett og skyting, musikk og song og av barne- og ungdomsorganisasjonar. Organisasjonen må ha minst 10 medlemmer i Etne kommune. Det kan ytast tilskot til vanlege drift eller til nye tiltak.

Signert årsmøteprotokoll, revidert rekneskap og årsmelding for 2021 skal leggjast ved søknaden.
Retningslinene skal reviderast hausten 2022, men blir gjeldande først frå 2023.

Meir informasjon og søknadsskjema: Kommunalt driftstilskot til lag og organisasjonar - Etne kommune

Straumstøtte for april – juni 2022

Lotteri- og stiftelsestilsynet forvaltar straumstøtteordninga til frivillige lag og organisasjonar med bakgrunn i dei ekstraordinære straumprisane. Ordninga som regjeringa har oppretta, har som formål å motverka negative konsekvensar for det frivillige kulturlivet.

Ordninga gjeld nå  straumkostnader i perioden april 2022 til mars 2023, og det blir lagt opp til ein søknadsrunde kvart kvartal. Det blir opna for søknader for perioden april-juni 2022 i siste halvdelen av august.

Meir informasjon og søknadsskjema: Straumstøtte - Etne kommune

Andre tilskotsordningar

Fleire ordningar har søknadsfrist i august-september, til dømes Hjertebank -  Sparebanken Vest, Elagsfondet (Etne), Gjensidigestiftelsen og Sparebankstiftelsen SR-bank, momskompensasjon m.m.

Sjå Andre tilskotsordningar - Etne kommune

 

Ta kontakt med Kulturkontoret via kultur@etne.kommune.no eller telefon 53 75 81 28 for meir informasjon og hjelp.