Tilskott til særskilte tiltak i landbrukets kulturlandskap (SMIL) 2022 - LEDIGE MIDLAR

Etne kommune har i år fått 390.000 kroner til særskilte tiltak i landbrukets kulturlandskap, men har i år fått for få søknadar til å kunne dele ut heile summen. Etter første søknadsrunde står det vel 300 000 kroner att i ledige SMIL-midlar som kan løyvast til søkjarar i Etne kommune.

Sau med lam - Klikk for stort bilde Sonja Frafjord  

Alle som eig eller leiger ein landbrukseigedom der drifta mottar produksjonstilskott kan søkje om SMIL-midlar. Det kan t.d. søkjast om tilskott til beiterydding av tilgrodd beitemark, inngjerding i samband med beite/kulturmark, restaurering av steingjerde, tilrettelegging for auka tilgjenge og oppleving, kulturminne og kulturmiljø, leplanting, styvingstre og andre miljøtiltak, restaurering av freda og verneverdige bygg, og tiltak for å hindre erosjon og avrenning til vassdrag.

Lokale retningsliner for SMIL finn du her: Retningsliner for tilskotsordningar - Etne kommune

Søknadsportal: Tilskudd til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) - Landbruksdirektoratet

Ber om å få eventuelle søknadar til SMIL-ordninga så snart som mogeleg og innan 1. oktober 2022.