Tiltak for å redusere straumkostnad

Etne kommune har store meirkostnadar til straum grunna den høge straumprisen. Som ein følgje av dette må me setja inn tiltak for å begrensa utgifter på området. 

Gatelys i solnedgang - Klikk for stort bildeIllustrasjonsfoto  

Berre for sommarmånadane juni, juli og august passerer me 1,5 millionar kroner i straumutgifter. Dette er nær ei dobling frå i fjor.

Me ser på både kortsiktige og langsiktige tiltak for å få kostnadane under kontroll. Av kortsiktige tiltak vil temperaturen bli skrudd ned til 19 grader i kommunale bygg. Område relatert til pasientar og helse vert som normalt. Også lys vil i større grad vera skrudd av. På sikt vil me sjå på blant anna gatebelysning. Her er det fleire ting som raskare omlegging til ledlys og nattesenking som kan vera aktuelle. Me arbeider og med klima og energiplan i kommunen som vil vera veldig sentral i vidare arbeid med langsiktige tiltak.

Me håpar på forståing for situasjonen. Det er viktig for oss halde kostnadane under kontroll, og få mest mogleg ut av dei kommunale midlane. Derfor må me no iverksette tiltak for å redusere utgiftene til straum.