I desember 2019 vart trafikksikringsplanen (no trafikktryggingsplanen) vedteke av kommunestyret, med råd om snarleg rullering. Då det er ei stund sidan planen sist var til politisk handsaming, vart det på nytt fremja oppstart av ei rullering med mogelegheit til å gi nye innspel. Oppstartsaka vart fremja for og orientert om i råda for menneske med nedsett funksjonsevne, eldrerådet og ungdomsrådet, der det samtidig vert føreslått representantar til å vere med i ei arbeidsgruppe for den nye planen.
Trafikktryggingsplanen skal utarbeidast på bakgrunn av den gjeldande planen frå 2019, og er ei revidering av denne. Gjeldande plan og møtebok for rullering av denne ligg vedlagt.
Det vil bli sendt ut invitasjon til å vere med i ei arbeidsgruppe for trafikktryggingsplanen, som ideelt sett vil bestå av:
Kommunen sine einingar for utvikling, oppvekst, helse og omsorg, og drift
Folkehelsekoordinator
Barnerepresentant i plansaker
Råd for menneske med nedsett funksjonsevne
Ungdomsrådet
Eldrerådet
Ordførar
Sør-Vest politidistrikt
Statens vegvesen
Vestland fylkeskommune
Trygg trafikk
Særleg barnehagane i kommunen samt elevråda og FAU ved Enge og Skånevik skule vert bedt om å kome med innspel og ynskjer for aktiv medverknad til arbeidet.
Her er lenker til:
Frist for å gi innspel er 14.04.2022 og kan stillast Etne kommune via post:
Sjoarvegen 2, 5590 Etne, eller på e-post: post@etne.kommune.no.
Spørsmål kan rettast sakshandsamar på tlf: 53 75 82 29.
Etter at fristen er gått ut vil innkomne merknader verte vurdert og takast med i vurderinga av prioriterte tiltak i samråd med arbeidsgruppa. Eit fullstendig forslag til trafikktryggingsplan skal etter ny handsaming hjå Formannskapet bli lagt ut på høyring. Då vil ein ha høve til å gi innspel til innhaldet i planen og den tilhøyrande lista over tiltak.