Velkommen til MOT-foredrag

Tema: «Sjå heile mennesket – It takes a village to raise a child». Måndag 19. september 2022 kl. 17.30 – 18.30 på Skakke, store kinosalen.

MOT-inspirator og foredragshaldar - Klikk for stort bildeLeon Romestrand 

MOT's visjon er å skape eit varmare og tryggare samfunn. Har du tenkt over korleis du kan bidra? Gjennom foredraget bruker vi forsking, historier og erfaringar og gir deg konkrete verktøy som styrkjer deg som leiar, tilsett, forelder, ven og vaksen.

For foreldre, interesserte vaksne, trenarar, leiarar i lokalsamfunnet, fritidsarenaen, og tilsette i nærmiljøet som arbeider med barn og unge.

Informasjon om foredragshaldar Leon Romestrand

Leon Romestrand har arbeidd i skule sidan 2008 og har vore rektor og skuleleiar i 8 år. Han er no tilsett i MOT og er kjend som ein inspirerande og svært dyktig foredragshaldar.

 

Det skal ein landsby til for å oppdra eit barn - Afrikansk ordtak.