Velkommen til nye nettsider!

Nå er nettsidene våre tilpassa både pc, nettbrett og mobiltelefonar. Sonja Frafjord Velkommen til våre nye nettsider som blir lansert i dag torsdag 15. april 2021.

Dei nye sidene er eit samarbeid mellom Tysvær, Haugesund, Etne, Vindafjord, Bokn og Sveio. Desse seks kommunane, som har felles publiseringsløysing frå ACOS, har hatt eit tett og godt samarbeid når det gjeld design, innhald og funksjonalitet.

Målet vårt med nye nettsider er at dei skal vera enklare å finne fram i, og at tenestene skal bli presentert på ein klar og tydeleg måte. 

Sjølv om sidene har fått ny utforming, er det helt sikkert noko frå dei gamle sidene som du kjenner igjen. Men noko av det som er nytt er at menyen har fått ein enklare struktur, og at innhaldet på sidene er meir ryddige og oversiktlege. Inne i sjølve artiklane er skrifttype, linjeavstand, tabellar og anna innhald meir luftig og lettlest. På framsida vil du også finne snarveg til dei mest besøkte sakene på nettsida, samt ein enkel oversikt over politiske møte i møtekalenderen.

Bruk søkefeltet

Dei nye nettsidene har ein god søkefunksjon som gjer det lettare å navigere blant tilboda og tenestene i kommunen. Ettersom me har ein del informasjon på sidene våre, rådar me til å nytte søkefeltet i størst mogleg grad.

Responsive og universelt utforma sider

Nettsidene er responsive og kjenner igjen skjermen dei blir opna frå. Enten du brukar mobil, nettbrett eller PC. Dette håpar me gjer navigeringa enklare for deg. Prinsippa for universell utforming er ivaretekne ved at all informasjon også er tilgjengeleg for dei med nedsett funksjonsevne.

Fann du det du leita etter?

Er det informasjon du ikkje finn, eller innhald som bør endrast, då er me interessert i å veta om det. Gi oss gjerne tilbakemelding via funksjonen «Fann du det leita etter» som du finn nedst på nesten alle sidene.

Du kan vera anonym og treng ikkje oppgi kontaktinformasjonen din så lenge du ikkje ønskjer ei tilbakemelding frå oss. Men tilbakemeldingar er viktige, både ros og ris, og er med på å gjera nettsida vår endå betre.

Velkommen igjen, til våre nye nettsider!