Vinnar av quiz på Etnemarknaden

Etne kommune hadde quiz på standen på Etnemarknaden der me fekk inn 254 svar.

Av desse vart Einar Sævareid trekt ut som vinnar med alle rette. Han får eit gåvekort til bruk på Etne senter, verdi 500 kroner. Gratulerer!

Gåvekort og svarlapp på quizen på Etnemarknaden - Klikk for stort bilde   

Quiz – fasit

  1. Lisa Johanne har fire døtrer. Kvar av døtrene hennar har ein bror. Kor mange born har Lisa Johanne til saman? Ein felles bror, altså 5 born.
  2. Kva planet blir kalla den raude planeten? Mars
  3. Kor mange egg kan du leggja i ei tom korg, om du legg dei opp i korga eitt om gangen? Eitt
  4. Kva blir våtare dess meir det tørkar?  Handkle
  5. Kor mange månadar i året har 28 dagar? Alle, også dei med 30 og 31
  6. Kva høne har ikkje fjær? Marihøna
  7. Lever brennmaneter om vinteren? Nei og ja
  8. Kor mange bein har ein edderkopp? 8 (fire par)
  9. Kor langt er eit maratonløp? 42 195 meter
  10. Dersom du har 18 eple i ei korg og tar ut 8 av dei. Kor mange eple har du då? 18