Åkrafjorden utsikt

Alle 30 nutane i Etne

Etne Turlag vil gjerne ha endå fleire ut på tur og opp på våre flotte fjell og nutar

Åkrafjorden utsikt
Foto: Jorunn Bringeland Berge. Bildet er tatt på toppen av Ramnanuten (847 moh). Den var med i Alle 30 for nokre år sidan. Nydeleg tur frå enden av Rullestadvatnet.

Topptur-konseptet «Alle 30» er for heile Etne kommune og blir administrert av Turlaget. Postane er lagt ut av dei fire idrettslaga i Etne kommune: IF Klypetussen, Skånevik IL, Fjæra og Rullestad IL og Etne IL. Sesongen går frå 1. oktober til 30. september kvart år. Frå sesongen 2019/2020 er «Alle 30» utvida med «10 nutar» og «20 nutar». I 10- og 20 nutar vel ein blant nutane som er med i Alle 30

* 10 nutar: besøk 10 nutar av «Alle 30» der du minst besøker 2 nutar frå kvart av dei 4 idrettslaga.
* 20 nutar: besøk 20 nutar av «Alle 30» der du besøker minst 4 nutar frå kvar av dei 4 idrettslaga.

Det er utmerking for å nå målet anten det er 10, 20 eller 30 nutar.

Les meir og registrerar nuta-besøka anten via appen SjekkUT eller med nuteringsskjemaet
https://etne.dnt.no/artikler/nyheter/18487-alle-30-sesongen-2019-2020/

Tips ein ven  Skriv ut