Barn_ill

Angåande betaling for barnehage, sfo og kulturskuletilbod

Regjeringa bestemte torsdag 12. mars at alle barnehagar og skular skulle halda stengt frå 12. mars til og med 26. mars. Denne stenginga får økonomiske følgjer for både føresette og kommunen.
Dette betyr at føresette ikkje skal betala for SFO, kulturskule og barnehage når tilboda er stengt som følgje av førebyggjande tiltak knytt til koronavirus. Dette betyr at alle som har barn i kommunen sine barnehagar og SFO-tilbod vil få ein faktura som er tilpassa dei dagane det har vore ope. Redusert betaling vil også gjelda for kulturskuletilbodet så lenge det er stengt. Dette vil kommunen ta med på faktura som blir sendt ut i juni. Regjeringa har lova å dekka bortfall av foreldrebetaling i barnehagane.

Som alle veit, så skal kommunen gi eit tilbod til dei som har samfunnskritiske oppgåver og treng hjelp til tilsyn. Dei som nyttar barnehage og skule nå i denne anledninga, skal heller ikkje betala for tilbodet.

Økonomiavdelinga i kommunen har bestemt at dei sender ut faktura for barnehage og SFO for perioden 01.-12.03., pluss for 27.-31.03. om det blir drift igjen i einingane.

Våre tilsette i barnehage, skule og kultur jobbar det dei kan og me ser at me har mange kreative, engasjerte, omsorgsfulle, arbeidsame og dyktige tilsette i kommunen. Me takkar for at alle, både dei som er heime og på jobb, er positive og jobbar godt i kvardagen for at me skal klare oss gjennom denne krisa på beste måte.

Tusen takk til alle!

 

Etne 23.03.2020

Vennleg helsing

Mona R. Sævik
Kommunalsjef for oppvekst og kultur

Tips ein ven  Skriv ut