Vegstenging

Arbeid på leidningsnettet

Vatn- og avløpsetaten er i gang med arbeid på leidningsnettet på Kambe, men arbeidet vart midlertidig stoppa grunna dårleg vêr.
 

Det skal skiftast ut totalt 3 kummar med installasjonar langs Simovegen.

Ved stenging av vatn vert det varsla via UMS varslingssystem som sender ut SMS eller automatisk talemelding.

Dersom du ikkje får melding kan du kontakte tenestetorget på 53 75 80 00 eller sende epost til post@etne.kommune.no

Tiltaket er nødvendig for å fjerne lekkasje og for å få ein betre kontroll på leidningsnettet.
I tillegg fører tiltaket til auka tryggleik rundt forsyninga for abonnentar og brannbilar.

For å halde ulempene for innbyggjarane og abonnentane lågast mogleg, skal mesteparten av arbeidet skje på natta.

Vegen skal ikkje stengast heilt, men det må reknast med innsnevringar på graveområda.

Kum nummer to vart skifta i natt, den tredje skal skiftast over nyttår. Arbeidet vil ta omlag ei veke.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut