illustrasjon gruppearbeid

Arbeidsmøte om kultur og fysisk aktivitet

Alle eldsjeler er inviterte til arbeidsmøte for Kulturplanen og plan for Idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet på Skånevik kultur- og idrettshall måndag 14. mai kl 19.00.

På møtet blir det informasjon om kommunedelplanane ved representant frå Etne kommune, og gruppearbeid for å engasjera dei frammøtte. Møtet er ope for ALLE som ønskjer komma med innspel og synspunkt til utforminga av framtidas fritid i kommunen.

Gjennom planarbeidet skal me komma fram til mål, tiltak og prioriteringar for kulturliv og fysik aktivitet i kommunen. Planane skal vera eit verktøy for politikarane, administrasjonen og aktørane innan heile kulturfeltet for å nå felles mål.

Velkommen til eit aktivt møte i samarbeid med Skånevik kultur- og idrettshall!

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut