Attraksjonar i Etne Kommune

Der er eit variert tilbod av attraksjonar i Etne kommune, både historiske og meir moderne som t.d. galleri, kunst i offentlege rom og særmerkte hageanlegg. Ved sida av våre mange kulturminne og bygningsmiljøet i Skånevik, er vår største attraksjon likevel den mangfaldige naturen, frå fjord til fjell og fonn. Langfoss, Etnefjella og Etneelva er då viktige stikkord. Meir om friluftsliv og innlandsfiske finn du på miljøsidene. Sjekk òg Skåneviknett. 

Ulike kulturminne

Hellerisningar Bruteigsteinen på Flåte
Hellerisningar Bruteigsteinen på Flåte

Hellerisningar

I Etne har vi tillrettelagde hellerisningar på Helgaberg på Stødle og Duesteinen og Bruteigsteinen i Stordalen.Ved Bruteigsteinen er der infotavle, men diverre er figurane for tida litt svakt oppmalte. Meir om hellerisningar

Postvegar

Postvegen Etne - Skånevik.
Postvegen i Rullestadjuvet.
Gamal ferdaveg i dramatisk fosselandskap mellom Skromme og Rullestad i Åkrafjorden (frå om lag 1870). Vegen er under restaurering og noko uferdig i delar. Frå Skromme kan ein gå vidare opp stien til dei kjente jettegrytene.

Borgaråsen bygdeborg på Osnes

Natursti med infotavlar opp frå badeplassen i Honsvikjo. Bratt bakke opp siste del. I alt er der 4 bygdeborgar rundt Etne. Der er i dag ikkje særleg mykje att etter desse forsvarverka frå århundra før 600 e. Kr, anna enn nedraste murar

Den gamle Åkrafjordvegen

Veganlegg bygd ferdig av tyskarane under siste verdskrigen. Rundt 1000 mann arbeidde her i 1940. Høgkvalitets ingeniørkunst. Vakkert fjordlandskap. Opent frå steinkvelvingsbrua ved Skålnes aust for Markhus, via Teigland til Tjelmeland (vinterstengt sistnemnte del). Fine utsiktspunkt.

Gamal handelsstad på Kyrping

Viktig knutepunkt i Åkrafjorden frå gamal tid, med samferdel og handel, vare- og tenesteproduksjon til langt ut på lenge etter 1950. Bygningane er under oppussing til private føremål.

Gravfelt

Det ligg gravfelt og einskildgraver spreidt i heile den vestlege delen av Etne kommune. Dei største felta ligg på Stødle-Sørheimsterrassen (infoskilt kjem ved Stødle kyrkje) og Grindheim/Rygg. På Ebne på Skånevikstranda ligg eit særmerkt gravfelt ned ved sjøen. Ein av gravene har 4 steinstøtter i hjørnene (infoskilt).

Kyrkjer

Stødle kyrkje
Ved Stødle kyrkje vil det bli sett opp infotavle. Her er òg info om gravfelt og gravfunn og hellerisningane på Helgaberg. Den eldste delen av Stødle kyrkje var på 1100-talet huskapell for Erling Skakke og familen hans. Les meir om tida då Magnus Erlingsson frå Studla var konge i Norge.
Grindheim kyrkje
Gjerde kyrkje
Skånevik kyrkje
For Skånevik kyrkje finst òg eit Jubileumsskrift frå år 2000, då kyrkja fylte 100 år.

Der er ikkje organisert guiding i kyrkjene, men førespurnad kan rettast til Kyrkjekontoret:
 
Telefon 53 77 11 70
Fax 53 77 11 73
Mailadresser kyrkjeverja@online.no
fellesr@online.no
 
Ny infobrosjosjyre er laga for kyrkjene og kapella våre, inkl. engelske samandrag.
For meir informasjon om Etne prestegjeld gå til ny nettside.

Minnesmerke, kunstgalleri, hage- og parkanlegg m.m.

 

Galleri Jespersen, Skånevik.

Minnesmerke "Folgefondens" forlis, kaipark i Skånevik. Skulptur av Arne Mæland.
Fugl Fønix Hotel Cafè Galleri Marmortorso av Marton Varo på plassen utenfor.
Skulpturar i Tinghusparken, Etne. Ung jente, skulptur av Arne Mæland. Kong Magnus, statue av Per Ung.
Vikingeskipet Kong Magnus har tatt namn etter Etnekongen. Skipet ligg i Eljarvik, og turar kan tingast. Kontakt Åkrafjorden Oppleving tlf. 959 09 664.

Museer

Norsk Motormuseum, Skånevik.
Utstilling av eit 40-tals motorar frå 1898 og fram til i idag; mest båtmotorar. Museet vert drevet av ei stifting. Åpent frå juli-medio august. Åpningstider: Tysdag-fredag lø 11-16, laurdag 10-14, sundag 14-17. Inngang kr. 25,-.
Gjestgjevargarden, Skånevik.
Restaurert hus frå 1785. Åpent kvar fredag og laurdag frå kl. 10-13. Kafedrift/lite bygdemuseum. Eit av mange døme på fin trehusbygging i Skånevik. Vert dreve av ei stifting.
 
Sæbøtunet Bygdemuseum, Etne.
Opningstider:
Ope onsdagar, fredagar og søndagar kl. 11-16, 
i perioden 23. juni til 13. august.
Meir informasjon hos Sunnhordland Museum
Information in English
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut