Avkøyrsel - privat avkøyrsel frå offentleg veg | ||||||||||
Oppdatert: 10.01.2020 13:26 | ||||||||||
Generelt | ||||||||||
Omtale Skal du byggje eller flytte ein avkøyrsel frå ein offentleg veg, må du søkje om løyve. Ein søknad om avkøyrsel blir vurdert med utgangspunkt i trafikktryggleik og transportfunksjonen til vegen. Søknad om avkøyrsel blir behandla av anten av Statens vegvesen eller kommunen. Dette gjeld avkøyrsel som ikkje er del av ei byggjesak. I så fall blir dette behandla i byggjesaka. | ||||||||||
Målgruppe Grunneigarar og utbyggjarar | ||||||||||
Kriterium/vilkår Avkøyrsel er alle tilknyttingar mellom offentleg veg og privat eigedom. Som avkøyrsel blir òg rekna tilknytting for fotgjengarar. Avkøyrselen må halde seg til arealdel eller reguleringsplan i kommunen og dei retningslinene som er gjevne av staten og kommunen. Dersom området ikkje er regulert eller det ikkje er planar for avkøyrsel i planen, skal søknaden behandlast etter føresegnene i veglova. | ||||||||||
Samarbeidspartnarar Statens vegvesen | ||||||||||
Regelverk | ||||||||||
Dersom området ikkje er regulert eller avkøyrsel ikkje inngår i arealdel eller reguleringsplan i kommunen, sjå veglova (§§ 40-43) med forskrifter. Sjå elles plan- og bygningslova § 27-4. Lover Forvaltningsloven Plan- og bygningsloven Veglova Forskrifter Forskrift om avkjørsel til riksveg Forskrift om avkjørsler fra offentlig veg | ||||||||||
Praktiske opplysninger | ||||||||||
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
I søknaden må du blant anna:
| ||||||||||
Skjema
Statens vegvesen har lagt ut ein digital søknad som gjeld for riks-, fylkes- og kommunale veger.
Søknad om avkjøyrsle | ||||||||||
Vedlegg Situasjonskart der avkøyrselen er teikna inn. | ||||||||||
Søknadsfrist | ||||||||||
Klagemulighet Dersom søknaden blir avslått, kan du klage på vedtaket. Fristen for å klage er tre veker frå du tok imot vedtaket. Klagen skal sendast til den instansen som har gjort vedtaket. Klagen må vere grunngjeven. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Dersom søknaden er behandla etter plan- og bygningslova, kan du klage til Statsforvaltaren. Klagen sendast til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom saka er behandla etter veglova, er det kommunen si eiga klagenemnd som er klageinstans. Før klageinstansen behandlar saka, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, går saka vidare til klageinstansen. | ||||||||||
Kontaktinformasjon | ||||||||||
Ansvarlig eining
| ||||||||||
Kontaktpersonar
| ||||||||||
Andre opplysningar | ||||||||||
Dato oppdatert 2020-01-10 13:26 |