Avlasting

Oppdatert: 10.04.2017 13:06
Generelt
Omtale

Avlastningstiltak er eit tilbod til personar og familiar som har særleg tyngande omsorgsarbeid. Avlastning kan bli gitt ut frå ulike behov, og organiserast på ulik måte. Tenestene kan bli gitt i eller utanfor heimen, i eller utanfor institusjon og skal omfatte eit forsvarleg tenestetilbod for personen som har omsorgsbehovet.

Føremål ved avlastning: 

  •  Hindre overbelastning hos  omsorgsytar
  • Gje omsorgsytar nødvendig fritid og ferie
  • Gje omsorgsytar moglegheit til å delta i vanlege samfunnsaktivitetar.

Ein vil prøve å tilpasse avlastningsforma i samarbeid med omsorgsytar, og finne den form for avlastning som passar behovet til brukar.

Avlastningstenester inneber alle typar avlastning, i heimen, på institusjon, på dagsenter m.m. Alle typar helse og omsorgstenester kan tildelast som avlastning til alle aldersgrupper med hjelpebehov.

 

Målgruppe

Den som yter omsorg for eldre, funksjonshemma eller andre pleietrengande

Kriterium/vilkår

Du skal ha eit særleg tyngjande omsorgsarbeid. Mellom dei momenta ein kan ta omsyn til, er desse:

  • om du arbeider mange timar per månad med omsorgsarbeid
  • om omsorgsarbeidet er meir fysisk eller psykisk tyngjande enn vanleg
  • om omsorgsarbeidet inneber mykje nattarbeid eller avbrot i nattesvevnen

Det er kommunen som i samarbeid med deg bestemmer kva tenester ein skal gi.

I hovudsak forventar ein av brukar at ein varslar om endringar i trong for avlasting seinast ei veke før avtalt avlasting.

Brukar skal stille med alle dei personlege effektar som er nødvendige for å kunne gjennomføre aktuelle aktivitetar.

Ein føreset at avlastingsheim og brukar/pårørande i saman definerer aktuelle helger/dagar i medhald av vedtak.

 

Pris for tenesten

Tenesta er gratis.


Avlastning - andre kostnadar
Brosjyrer, dokumenter, kart og liknande
Avlastning - helsenorge.no
Pasient og tolk. En brosjyre om tolk i helsetjenesten
Veileder for klage
Hjelpetilbud i kommunen
Regelverk

Dette er ei lovpålagd teneste etter helse- og omsorgstenestelova. Sjå blant anna

Helse- og omsorgstenestelova § 3-6 Kommunens ansvar overfor pårørende
Pasient- og brukerrettighetslova § 2-8 Tiltak ved særlig tyngende omsorgsoppgaver


Lover
Forvaltningsloven
Helse- og omsorgstjenesteloven
Pasient- og brukerrettighetsloven

Forskrifter
Kvalitetsforskrift for pleie- og omsorgstjenestene
Praktiske opplysninger
Skjema
Søknad om helse- og omsorgstenester
Søknaden sendes til

Etne Kommune, v/helse

Sjoarvegen 2,

5590 Etne

 

Sakshandsaming

Før saka kan avgjerast, vil vi kartleggje ønska og behova dine nærare. Normalt vil vi komme på heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.

Sakshandsamingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når du kan vente at vedtaket vil bli gjort.

Klagemulighet

Er du misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot vedtaket. Både omsorgsytaren og den hjelpetrengjande kan klage på avgjerda. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Blir vedtaket ståande, vil saka bli sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Kontaktinformasjon
Ansvarlig eining
Avdeling:Helse
Leder:Hilde Høyland
Kontaktpersonar
Hilde Høyland (Helseleiar)
Telefon: 53 75 81 21
Mobil:
Telefaks: 53 75 80 01
Epost: hilde.hoyland@etne.kommune.no
Andre opplysningar
Dato oppdatert
2017-04-10 13:06