Du er her: Heim Tenester A-Å

Avløysarordningane i jordbruket

Oppdatert: 06.01.2016 13:46
Generelt
Omtale

Avløysarordningane er ein del av velferdsordningane i landbruket. Du kan søkje om tilskott til avløysing ved mellom anna

  • ferieavvikling
  • sjukdom
  • svangerskap/fødsel/adopsjon
  • følgje av sjukt barn til behandling
  • dødsfall i nær familie

Tilskottet skal dekkje utgifter til lønn, feriepengar, arbeidsgjeveravgift og avgiftspliktig køyregodtgjersle til avløysaren.

Målgruppe

Landbruksføretak

Kriterium/vilkår

Avløysaren må vere minst 15 år og kan ikkje ha inntekt frå gardsbruket eller vere ektemake/sambuar til ein som har inntekt frå gardsbruket. 

Føretaket driv vanleg jordbruksproduksjon, er registrert i Einingsregisteret, er registrert som meirverdiavgiftspliktig og kan levere årsoppgåve som landbruksføretak

Regelverk

Sjå jordlova §§ 3 og 18.



Lover
Jordlova

Forskrifter
Forskrift om produksjonstilskudd i jordbruket
Forskrift om tilskot til avløysing ved sjukdom mv.
Praktiske opplysninger
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Du søkjer ved å logge deg inn på Altinn og sender søknaden derifrå. Tilskotet blir automatisk utrekna, basert på opplysingane i saka. Du kan også hente opp rettleiing og forklaringar inne i systemet dersom det trengst. Når kommunen har behandla søknaden blir svaret og vedtaket sendt til deg via Altinn. 
Skjema
Slik gjer du:
- Gå til sida www.altinn.no på internett
- Søk opp skjemaet Tilskudd til avløysing ved sjukdom og fødsel mv.
- Logg deg inn med MINID, BANKID eller liknande
- Vel landbruksforetaket ditt som «Aktør»
- Søk opp og vel ordninga «Tilskudd til avløysing av jordbrukarar ved sjukdom, fødsel m.v»
- Legg inn informasjon om sjukemeldingsperiode, utgifter til avløysar osv.
- Last opp nødvendige vedlegg.
 
Dersom du ikkje kan bruke internett
 
Du kan gi avløysarlaget eller andre rett til å fylle ut søknadsskjemaet for deg. Det blir også ordna inne på www.altinn.no. Snakk med dei fyrst dersom det er aktuelt.
 
Papirskjemaet vil framleis eksistere ei stund til.
 
I ein overgangsperiode vil dei gamle papirskjemaa eksistere ei stund framover. Etter kvart blir søknadsordninga fullelektronisk for landbruksføretak.
 

Vedlegg

Søknadsfrist

Fristen for å søkje om tilskot til avløysing ved ferie og fritid er 15. oktober.

I søknadsskjemaet fører du opp dei utgiftene du har hatt til avløysing ved ferie og fritid inneverande år. Dersom du har hatt lågare utgifter enn det som er planlagt å vere det maksimale avløysartilskotet ditt, kan du etterregistrere utgiftene du hadde mellom 16. oktober og 31. desember. Fristen for etterregistrering er 10. januar.

Sakshandsaming

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere sak. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein kan tenkje at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen innan klagefristen for vedtaket går ut. Sjå søknadsskjemaet når det gjeld tidspunktet og retningslinene for utbetaling av tilskottet. Ta eventuelt kontakt med kommunen.

Sakshandsamingstid

Kommunen vil behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein ventar at vedtaket vil bli gjort.

Klagemulighet

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Står kommunen fast på avgjerda, blir saka send vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Kontaktinformasjon
Ansvarlig eining
Avdeling:Utvikling
Leder:Eikemo, Bjørn
Kontaktpersonar
Ragnhild Underhaug Ness (Leiar)
Telefon: 53758025
Mobil: 92039840
Telefaks:
Epost: ragnhild.underhaug.ness@etne.kommune.no
Reidar Rødne (Rådgjevar)
Telefon: 53758261
Mobil: 91117763
Telefaks:
Epost: reidar.rodne@etne.kommune.no
Andre opplysningar
Dato oppdatert
2016-01-06 13:46