Registrering av bålbrenning

All bål- og bråtebrenning skal meldast, også St.Hansbål.

Skjema under her vert vidaresendt til brannvakta, det vert ikkje gitt tilbakemelding til innsendar.

 

Føresetnader:

Brenninga skal avsluttast straks dersom den som brenn burde forstå eller blir gjort merksam på at nokon blir sjenert av brenninga.

Brenninga skal vera avslutta før det vert mørkt.

Den som utfører brenninga er ansvarleg for at det blir utført på ein kontrollert måte, og skal ta førehandsreglar om beredskap dersom ein mistar kontrollen over bålet.

 

Dersom ansvarleg mistar kontrollen på bålet må brannvesenet straks varslast på telefon 110.

 

LOKAL FORSKRIFT
For anna brenning enn det som er nevnt her, vert det vist til den lokale forskriften.

Vakttelefon 489 99 748 kan nyttast for å få råd og rettleiing.

Gode retningslinjer for sikker brenning er:

  • Ikkje brenn i nærleiken av bygningar og vegetasjon som bålet kan spre seg til.
  • Ver observant på vinden og endringar i vindforholda.
  • Ha alltid oppsyn med bålet.
  • Ver sikker på at bålet er heilt sløkt før du forlet bålplassen.
  • Ha tilgang på vatn og utstyr til å spyle vatn i tilfelle du mistar kontroll på bålet.
  • Dersom du er usikker, kontakt brannvesenet for rådføring.


Følgjande brenning er tillate ifølgje forskrifta §5, og treng ikkje meldast så lenge dette ikkje er i strid med anna lovgjeving. 

Ein kan difor gjennomføra utan å varsle brannvesenet:


a) Open brenning på grillinnretningar eller utepeisar.

b) Brenning av trevirke i vedomn, med unntak av impregnert eller behandla treverk (beisa, malt, limtre/kryssfiner etc.)

c) Brenning av avispapir og liknande til opptenning i vedomn.

d) Brenning av lite grillbål i område utanfor skogmark i trygge omgjevnader i samband med friluftsliv. Grillbål skal slokkast heilt ved avmarsj.




*
*
Meldinga gjeld*
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut