Bålforbodet oppheva

Baalbrenning_forbudt

Haugaland brann og redning IKS opphevar i dag totalforbodet for bål i medlemskommunane.

2018-07-24

Brannvesenet vil likevel påpeike at det generelle bålforbodet gjeld i heile landet.

Kva er generelt bålforbud?
I Noreg må alle vise aktsemd og opptre på ein slik måte at brann ikkje oppstår. Dette gjeld alle, heile tida og over alt.

I tillegg har vi eit generelt bålforbud frå 15. april til 15. september kor det er forbode å tenne opp bål og grill i, eller i nærleiken av, skog og anna utmark. Brannvesenet kan likevel gi løyve til å tenne bål, hvis du søkjer om dette. Sjekk alltid kva reglar som gjeld for din kommune før du tenner bål.

Stranda vil oftast reknast som utmark og vil då vera omfatta av det generelle bålforbodet. Dersom ein likevel ønskjer å tenne bål eller grille, må ein søkje om løyve frå kommunen.

Sjølv om det er generelt bålforbod har du lov til å tenne bål der det er opplagt at det ikkje kan starte ein brann. Det skal svært mykje nedbør til for at det opplagt ikkje kan føre til brann.

Ved overtreding av aktsemdplikta eller det generelle bålforbodet kan ein straffast med bot eller fengsel.

Kan eg grille i eigen hage?
Viss ein skal grille på område som er langt unna skog og utmark, for eksempel i hagar eller på tilrettelagde grill- og bålplassar i parkar, gjeld den alminnelege aktsemdplikta. Dette inneber at du må vera forsiktig, ansvarsfull og bålet må vera fullstendig sløkt før du forlet staden.

Dersom du brukar eingongsgrill, må du huske å vurdere brannfaren mot underlaget. Under eingongsgrillen blir det varmt og underlaget kan fort ta fyr eller bli skada av varmen. Sett aldri grillen direkte på bakken.

 

Tip a friendTips ein ven