Bål

Bålreglane er endra

Frå 1. januar i år er det endra reglar for bålbrenning. Mellom 15. april og 15. september er det forbode å gjera opp eld nær skog og i all annan utmark utan løyve frå kommunen.   

-Vi synes det er bra at styresmakta har vidareført bålforbodet mellom 15. april og 15. september.  Dei nye reglane i «Forskrift om brannforebygging» presiserer blant anna at bålforbodet nå gjeld i all utmark, seier administrerande direktør Dagfinn Kalheim i Norsk brannvernforening.

 

Kommunane kan gjennom lokal forskrift gå vekk frå bålforbodet, dersom lokale tilhøve tilseier det. Ved spesielt stor brannfare kan kommunane innføre forbod mot å gjera opp eld i bestemte område også utanfor tidsrommet 15. april – 15. september. Det er imidlertid tillete å gjere opp eld der det openbart ikkje kan medføre brann.

 

- Forbod eller ikkje. Det gjeld å bruke hue om vi skal unngå situasjonar der naturen står i lys lue, poengterer Kalheim.

 

Mens det i Nord-Norge framleis er vinterlege tilhøve med snø mange plasser, er vegetasjonen i ferd med å tørke opp etter vinteren i Sør-Norge.

 

- Det skal ikkje så mange dagar med tørt og varmt vær, før faren for gras- og lyngbrannar vil auke betydeleg i delar av Sør-Noreg. Når gamalt gras og kvist som ligg på bakken, tørkar opp, kan sjølv ei lita glo starte ein brann, understrekar Kalheim.

 

Med tilvising til regelverket finn han grunn til å påpeike at det «å gjera opp eld» omfattar meir enn bålbrenning. Det omfattar for eksempel bruk av eingongsgrillar og andre bål- og peisinnretningar. Oppsending av såkalte skylanterner og handtering av brannfarleg avfall er også omfatta av omgrepet.

 

- Når det gjeld desse aktivitetane set styresmaktene strengare krav til varsemd enn for andre aktivitetar, seier Kalheim. 

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut