Snarvegar
- Arrangementskalender
- Tenester A-Å
- Skjema A-Å
- Nyttige telefonnummer
- Innsyn / postlister
- Betalingssatsar
- Bibliotek
- Brosjyre
- Bålbrenning
- Etne kommune på Facebook
- Frivilligsentralen
- Høyringar
- Kart
- Legat
- Legevakt
- Me bryr oss
- MOT
- Om Etne kommune
- Ordføraren si veke
- Personvernfråsegn
- Planar
- SLT
- Vêrvarsel
- For tilsette

Badeutfordring vart pengar til Kreftforeningen
Anne Britt Grindheim tok ein ny vri på "Hopp i havet"-farsotten som går på Facebook.
Anne-Britt Grindheim som klovn og Jorunn Halsnes som baby på Etne Senter.
Foto: Gisle Sellevold
Utfordringa går ut på å hoppe i sjø eller vatn i løpet av 24 timar. Dersom du ikkje gjer det, må du donere eit pengebeløp til ein organisasjon. Fleire ønskjer seg konkrete ting til seg sjølv.
Så i staden for å bada tok Anne-Britt Grindheim på seg klovnedrakten og annonserte på Facebook at ho ville bruka lunsjen sin til å vera på Etne Senter og samla inn pengar til Kreftforeningen. Jorunn Halsnes blei støttande med som baby.
Gjennom jobben sin gjorde ho også nokre klovnerier på omsorgssenteret som gav mynt i kassen.
- Eg er overvelda.... Kr. 6714,- kom inn, pluss at mange ville sende penger direkte til Kreftforeningen! seier Anne-Britt.