Barnas kommunestyre_justert_620x410

Barnas kommunestyre 2015/2016

27. april møtte 10 representantar frå Enge og Skånevik skular til konstituerande møte i Barnas kommunestyre (BK).  

Barnas kommunestyre_justert_620x410.jpg

Frå venstre: Anna Rødne Gjerde 8. kl. Enge, Steffen Rafdal 7. kl. Enge, Tobias Kristiansen 5. kl. Enge, Amalie Grindheim 10. kl. Enge, 
Nora Lundal Hustveit 7. kl. Enge, Anne Lise Hustoft 10. kl. Enge, Aron Vika 5. kl. Skånevik, Eskil Bjerkreim 8. kl. Skånevik, Sina Marie Eljervik 6. kl. Skånevik, Aina Kathrin Barane Nordbø 9. kl. Skånevik, Siri Klokkerstuen, ordførar.

Representantane viste stort engasjement og tek på alvor at dei representerer barn og unge i Etne kommune. Representantane er frå 5. -10. klasse ved dei to skulane. 

Ordføraren i samarbeid med pedagogisk rådgjevar leiar møta. Etter ein lang skuledag er det viktig med mat, og møtet vart innleia med pizza. Dette første møtet snakka ordføraren m.a. om kva det vil seia å vera representant i BK. 

Tema som: Kva er ein kommune og framtidig kommunestruktur  vart også drøfta. 
Representantane hadde reflekterte meiningar om ulike tema som vart  teke opp. Dei var m.a. svært opptekne av trygge vegar både for å ha ein trygg skuleveg og ikkje minst trygge vegar på fritida. Dette er nok saker som Barnas kommunestyre vil engasjera seg i framover. Dei var også opptekne av skulemiljø og utstyr på uteområda på skulane. Her ligg det føre planar så BK vil venta på desse planane. Dei var også opptekne av at det bør opnast for å nytta symjebassenget også på fritida.I tillegg var dei også innom fleire andre saker.

Etne kommunestyre har løyvt kr. 50.000,- til BK. Dette er midlar som BK skal fordela etter søknader. Elevråda ved skulane skal søkja om støtte til ulike tiltak. Barnas kommunestyre vil i neste møte i oktober prioritera blant søknadene.

For oss vaksne var det flott å oppleva slik flott, reflektert ungdom. Det lovar godt for det vidare arbeidet i Barnas kommunestyre!

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut