illustrasjon_barnevern

Barneverntenesta

Barneverntenesta skal bidra til at barn og unge i kommunen har gode levekår og høve til ei positiv utvikling. Når barn på grunn av tilhøve i heimen, eller av andre grunnar har behov for det, skal barneverntenesta gje råd, rettleiing eller setje inn andre former for hjelpetiltak.

Etne og Vindafjord kommunar samarbeider nå om barneverntenesta. 
Sjå felles informasjon her.

Barneverntenesta skal følgje med i dei tilhøva barn lever under, og har ansvar for å finne tiltak som kan forebygge omsorgsvikt og atferdsproblem.

Alt arbeid som blir utført av barneverntenesta skal vere i nært samarbeid med familien/føresette.

I nokre tilfelle kan det vere nødvendig at barn eller ungdom må bu utanfor heimen i t.d. fosterheim eller institusjon.

I dei fleste tilfella er det barnet / ungdommen eller foreldra som tek kontakt med barneverntenesta og søkjer hjelp. Barneverntenesta mottek også henvendingar frå andre samarbeidspartnarar som t.d. helsestasjon, barnehage, skule, PPT, lege og politi.

Har du spørsmål omkring utfordringar om barneoppdragelse, grensesetjing, atferdsproblem o.l kan du ta kontakt med barneverntenesta for ein samtale.

Dei fleste problem kan i samarbeid løysast om ein tar fatt i dei på eit tidleg tidspunkt.

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut