Barnehageplass | ||||||
Oppdatert: 22.01.2019 11:44 | ||||||
Generelt | ||||||
Omtale
Er barnet født mellom januar og juli har det rett til barnehageplass i august året dei fyller eitt. Fyller barnet eitt år i august, september, oktober eller november har det rett til barnehageplass månaden dei fyller, mens dersom barnet er fyller eitt år i desember, har ikkje barnet rett til barnehageplass før fyrstkomande august.
Kommunen sørgjer for at det er felles opptak for alle barnehagane i kommunen, men kvar barnehage kan velje eige formål, opptakskrins, opptakskriterium og eigarform. | ||||||
Målgruppe Barn 0 til 6 år som bur i kommunen. | ||||||
Kriterium/vilkår Desse blir prioriterte ved opptak:
I tillegg har barnehagane eigne opptakskriterium. | ||||||
Samarbeidspartnarar
| ||||||
Regelverk | ||||||
Kommunen har plikt til å sørgje for denne tenesta.
Sjå Lover Barnehageloven Barnevernloven Forskrifter Forskrift om familiebarnehager Forskrift om foreldrebetaling i barnehager Forskrift om rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver Forskrift om saksbehandling ved barnehageopptak Rettleiing Covid-19 – Smittevern i barnehager Framtidens barnehage - Stortingsmelding Rett til barnehageplass | ||||||
Praktiske opplysninger | ||||||
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta Du søkjer via eit søknadsskjema til kommunen. Det finnes eigne skjema for redusert betaling, gratis kjernetid og syskenmoderasjon. | ||||||
Vedlegg Uttale frå sakkyndig instans skal leggjast ved søknaden dersom barnet ditt har rett til prioritet. | ||||||
Sakshandsaming
Søknad om plass Har du ikkje fått oppfylt det første ønsket ditt, har du rett til å bli sett på søkjarliste ved denne barnehagen. Ved supplerande opptak i løpet av barnehageåret skal først søkjarar frå søkjarlista få tilbod om plass i samsvar med dei fastsette opptakskriteria. Dersom du ikkje har fått tilbod om plass, skal du få skriftleg melding om dette. Samtidig skal du få melding om at du kan krevje ei grunngiving for avgjerda, at du har rett til å klage og fristen for å klage. Dersom barnet ditt har rett til prioritert plass og du ikkje har fått tilbod om plass, har du rett til ei skriftleg grunngiving, melding om retten din til å klage og fristen for å klage. Søknad om redusert betaling og gratis kjernetid
Kommunen hentar inn nødvendig dokumentasjon på personane i hushaldet og om inntekta til hushaldet. Deretter fattast eit vedtak.
| ||||||
Klagemulighet
Du kan klage dersom
Du må sende klaga innan 3 veker frå du mottok avgjerda. Dersom du bruker retten din til å krevje ei grunngiving, er klagefristen 3 veker frå du mottek grunngivinga.
Dersom kommunen kjem til at barnet ditt skulle ha fått tilbod om den ønska plassen, skal du få tilbod om første ledige plassen etter at barn med lovfesta rett til prioritet har fått tilbod om plass. Dersom du ikkje får medhald, går saka vidare til klagenemnda i kommunen, som er klageinstans.
| ||||||
Kontaktinformasjon | ||||||
Ansvarlig eining
| ||||||
Kontaktpersonar
| ||||||
Andre opplysningar | ||||||
Dato oppdatert 2019-01-22 11:44 |