egenberedskap_artikkelbilde

Vurder risiko og sårbarheit i heimen

Dei fleste av oss er avhengig av straum og vatn, tenk gjennom kva som kan skje og konsekvensane av det.

Tenk gjennom kva som kan skje, kva konsekvensar kunne det ha fått og korleis nettopp din familie ville ha handtert det. Finn ut kven som kan trenge hjelpa di og korleis du kan bidra. Viss det er utstyr du planlegg å bruke i ein naudsituasjon, ver kjent med korleis det skal brukast og sørg for at det virkar.

Dei fleste av oss er heilt avhengig av strøm i kvardagen; til oppvarming, lys, matlaging, varmtvatn og elektriske apparat. Uvêr, naturhendingar, sabotasje, tekniske problem, terror eller krigshandlingar kan føre til at mange mister for eksempel strøm eller vatn, og at det kan bli vanskelegare å få tak i nødvendige varer. Sjansen er kanskje ikkje så stor, men det kan skje. Då bør du vera førebudd. Med eit lite reserverlager av det du er mest avhengig av (vatn, mat, medisiner og varmekjelder) er du betre rusta for å klare deg sjølv nokre dagar.

Brosjyren som Røde Kors har utarbeida kan lastast ned og printast ut. Den finn du her.

Brosjyre_egenberedskap_NO_v1-1_Side_1.jpg

Brosjyre_egenberedskap_NO_v1-1_Side_2.jpg

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut