
Besøk innandørs på institusjon og bemanna BU
Rutine for korleis ein går fram ved besøk på institusjon og bemanna BU i Etne og Skånevik
Mål:
- Hindra smitte av covid-19 ved institusjon og bemanna BU.
Praktisk gjennomføring:
Besøkjande skal ringa og avtala besøk på førehand.
Alle besøkjande skal sjekkast ut med tanke på mogleg smitte før ein slepp inn på institusjonen.
- Ved bestilling av besøkstid skal den tilsette spørja den som ynskjer å koma på besøk:
- Har du vore sjuk eller i karantene dei siste 10 dagane (grunna luftvegsinfeksjon)?
- Har du vore på reise utanlands dei 10 siste dagane?
- Har du hatt besøk i eigen heim frå utlandet? Evt. kva land kom besøket frå?
- Har du deltatt på store arrangement eller opphalde deg i områder med auka smittespreiing dei siste 10 dagane? Evt. kor og kva tidsrom?
- Har du vore i kontakt med nokon som har fått påvist Covid -19?
- Ved JA på eit eller fleire av desse spørsmål skal ikkje den besøkjande få koma inn ved omsorgssenteret.
- Ved NEI, den besøkjande skal skriva seg inn i besøksprotokollen som ligg i resepsjonen, med tidspunkt, namn og telefonnummer.
- Alle må utføra handhygiene, dette gjeld også ved besøk utandørs.
Under besøket:
- Alle som kjem på besøk skal:
- gå direkte til og frå rommet. Besøk av fleire enn 2 skal da fortrinnsvis vera på fellesareal (foajeen/ dagsenteret på ettermiddagen)
- halda minst 1 meter avstand til tilsette og andre bebuarar.
- halda minst 1 meter avstand til den dei besøkjer. Lokale vurderingar om berøring kan finna stad, men ein bør unngå tett ansikt-til-ansikt kontakt. I vurderinga skal smittespreiinga i kommunen bli tatt omsyn til.
- Bebuarar kan ta imot gåver, blomar og liknande. Det er ikkje behov for spesielle førehandsreglar.
- Dersom besøkjande har med mat skal alle utføra handhygiene før maten blir servert. Besøkjande har ikkje høve til å nytta avdelingskjøkken.
Etter besøket:
- Bebuar skal utføra handhygiene når besøkjande forlet rommet.
- Besøkjande skal informerast om at ved symptom på Covid-19 med vidare testing, skal besøket på institusjonen informerast om som ein del av smittesporinga.
- Tilsette desinfiserer kontaktpunkt der besøket har funnet stad.
Kontaktinformasjon:
Avd. 1 : 53 75 81 46 Avd 2A : 53 75 81 61 Avd 2 B : 53 75 81 43
Bemanna BU Etne : 53 75 81 47 Bemanna Bu Skånevik : 53 75 85 50 ( 2.etasje: 908 94 067)