
Besøk til bebuarar ved Etne og Skånevik omsorgssenter
Grunna lågt smittetrykk i kommunen endrar me tiltaksnivået for besøk til bebuarar i institusjon. Me føl nasjonale retningslinjer og anbefalingar. Hovuddørene til omsorgssentera er stengde, og ein må ringe omsorgssentera for å avtale besøk.
- På bebuar-romma er det høve til å ha 2 personar på besøk. Dette for å kunne oppretthalde avstandskrav. Dersom ein er fleire, og max 5, må ein avtale med tilsette om ein kan nytte seg av fellesareal(kantine/foaje/dagsenter) for besøket.
- Me tilrår fortsatt at ein nyttar munnbind om ein ikkje kan halde 1 m avstand under besøket.
- Det er ikkje høve til besøk mellom 14.30 og 15.30
Næraste pårørande har fått eigen informasjon frå einingsleiar i pleie- og omsorg.
Kontaktinformasjon:
Etne omsorgssenter tlf 53758140
Skånevik omsorgssenter tlf 53758550