Folgefonna Olaf Brattland SNO 926-350

Besøksstrategien for Folgefonna nasjonalpark

Offentleg høyring

Foto: SNO - Olaf Bratland

Folgefonna nasjonalparkstyre legg med dette Besøksstrategien for Folgefonna nasjonalpark ut på høyring. Har du innspel til korleis det kan leggast til rette for fastbuande og besøkande, friluftsliv og lokal verdiskaping, samstundes som ein tek vare på natur- og kulturverdiane i Folgefonna nasjonalpark og tilgrensande landskapsvernområde? Folgefonna nasjonalparkstyre vonar du vil senda inn dine innspel til høyringa av besøksstrategien.

 

Sjølve utkastet til besøksstrategi finn de elektronisk på nettsidene: http://nasjonalparkstyre.no/Folgefonna/

Send innspel til Folgefonna nasjonalparkstyre på e-post: fmvlpost@fylkesmannen.no. Merk innspelet med «Merknad besøksstrategi».

Fristen for å komme med innspel er innan 23. mars 2020.

Tips ein ven  Skriv ut