Betalingsautomat

Betalingsautomat

Ved legekontoret i Etne og Skånevik vil du kunne nytte betalingsautomat for betaling av alle tenester ved kontoret. Betalingsautomaten er plassert like ved resepsjonen.

• Når du skal betale for legekonsultasjon eller andre tenester ved kontoret, tastar du fødselsdatoen din på skjermen på automaten. Beløpet som ligg til betaling kjem då fram på skjermen.

• Du kan velje om du vil betale med kontantar, bankkort eller om du ynskjer ein faktura.

• Automaten tek i mot kontantar, og bankterminal er innebygd i sjølve automaten.

• Ved betaling pr bankkort tilkjem eit gebyr på kr 5,00.

• Ynskjer du giro, vert denne skriven ut av automaten og ser ut som ei kvitteringsutskrift. På denne finn du beløp, kontonummer, KID-nummer og forfallsdato, og du kan betale via nettbank eller i banken. Ved betaling med faktura tilkjem fakturagebyr på kr 45,00.

• Dersom du forlet kontoret utan å nytte automaten til å betale, vil faktura for tenestene bli sendt deg pr brev.

• Alle små og store beløp sendes ut på giro neste dag.

• Melin Medical sender ut fakturaer, følgjer opp purring av fakturaer, inkasso m.m. 
  
Dersom du syns det er vanskeleg å bruka betalingsautomaten, så vil personalet ved legekontoret hjelpe deg.
Automaten fører til mindre ventetid for deg som skal betale, og frigjer tid som personalet  heller kan nytte til anna pasientretta arbeid.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut