Tollefsen, Bjørn

Bjørn Tollefsen tilsett som kommunedirektør

Tollefsen er busett i Haugesund kommune og arbeider i dag som leiar for oljeselskapet Crudecorp, stasjonert i California, USA. Han har brei erfaring frå industrien og var sjef for Aibels verksemd i Haugesund i 9 år før han starta i Crudecorp. Samla sett har han meir enn 25 års erfaring frå Aibel.

- Eg har nå hatt et spannande år i USA saman med kona, og då stillinga som kommunedirektør i Etne ble utlyst for andre gong, blei det straks vekka interesse. Eg er genuint interessert i å vera med å utvikle samfunnet me bur i og gler meg stort til å ta fatt på oppgåva i Etne kommune. Gjennom tilsetjingsprosessen har eg møtt fleire av dei personane som eg skal jobba saman med, dette verkar veldig lovande og eg ser fram til et godt samarbeid, seier Bjørn Tollefsen, påtroppande kommunedirektør.

- I Bjørn Tollefsen har me funne den som fyller det me ser etter. Han har ein sterk bakgrunn som leiar i næringslivet, som me synes er spennande. Me ønsker ein tydeleg leiar, både internt i kommunen og utad. Ein god arbeidsgjevar og ein som er oppteken av nærings- og samfunnsutvikling, seier Siri Klokkerstuen, ordførar.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut