Han Erik Lundberg[1]

Bli kjent med ny kommunalsjef

Hans Erik Lundberg er tilsett som kommunalsjef for utvikling og drift i Etne kommune.

Han er busett i Karmøy kommune og arbeider i dag på Høgskulen på Vestlandet som leiar for drift og utvikling.

Lundberg har brei erfaring frå bygg- og anleggsfaget, og har jobba i fleire kommunar på Haugalandet. Før han byrja i stillinga på høgskulen, var han tilsett som eigedomssjef i Stavanger kommune. Der hadde han blant anna ansvar for ein bygningsmasse på 750.000 m2 og eit investeringsbudsjett på 700 millionar kroner.

Lundberg har og vore eigedomssjef i Karmøy kommune, og var då bla. ansvarleg for utbygging av det nye industriområdet på Raglamyr.

Han har vidare vore ansvarleg for bygging av gassanlegg i utland og innland, då som prosjektleiar i Gasnor AS.

På fritida er det musikk som står hjarta nærast.  Til dømes er ikkje sommaren komplett utan ein tur på Skånevik Bluesfestival. Han spelar og i band, og bandet Finasvingen frå Kopervik er det som gjeld no.

53-åringen gler seg til å ta fatt på den nye jobben i Etne kommune, og ansvarsområde vil vera einingane utvikling og drift/vedlikehald.

Lundberg vil vera ein av tre i den nye leiargruppa i Etne kommune.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut