Brannøving

Brannøving i Markhustunnelen

Onsdag 2. april vert Markhustunnelen stengt mellom kl. 9 og 13 grunna brannøving.

I forkant av øvinga, frå ca kl. ni, blir det kolonnekjøring gjennom tunnelen, slik at dei kan rigge seg til der øvinga skal vera. Sjølve øvinga startar kl. ti.

Tunnelen blir stengt for trafikk kl. 09.45, og det vert innleia kolonnekjøring via gamlevegen for personbilar. Tyngre kjøretøy må vente til tunnelen opnar igjen etter øvinga.

Det vil bli utrykking frå Odda og Etne. Arbeid langs E-134 ved Stordalen og ved Langfosstunnelen må ikkje vere til hinder for utrykkinga.

Det vil bli sett opp informasjonsskilt i Etne og i krysset ved Kløvet på Seljestad. Rutebussar vert prioriterte.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut