Bruk arrangementskalenderen flittig!

Me ønskjer å oppfordra lag/foreningar og andre til å nytt seg av arrangementskalenderen til venstre på sida.

Meld inn kva som skjer i ditt lag eller på kulturfronten. Det er ein enkel jobb - klikk deg inn på "registrer arrangement" - legg inn opplysingar og send inn! Kanskje me på denne måten kan sleppa å få dobbeltbooking på ting som skjer. Dess fleire som brukar kalenderen, dess betre oversikt!

Dette er også god reklame for laget eller arrangementet ditt. Du får vist kva det blir jobba med og synleggjort aktiviteten.

KOM IGJEN - DET GJELD OM Å NYTTA ALLE KANALAR!!

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut