Du er her: Heim Tenester A-Å

Brukarmedverknad i skulen

Oppdatert: 22.01.2019 11:44
Generelt
Omtale

Råd og utval i skulen har rett til å uttale seg og komme med forslag i alle saker som gjeld skulen. Dei skal til ei kvar tid vere orienterte om skulemiljøet og har rett til å få lagt fram dokumentasjon om helse-, miljø- og tryggingsarbeidet. Så tidleg som råd skal dei takast med i planlegging og gjennomføring av miljøtiltaka. Dersom skolen blir klar over forhold ved skulemiljøet som kan ha negativ innverknad for elevane si helse, skal alle elevane og dei føresette snarast mogleg bli varsla om det. 

Ved kvar skule skal det vere

  • samarbeidsutval (grunnskulen)
  • skuleutval (den vidaregåande skulen)
  • elevråd (begge skuleslaga)
  • skulemiljøutval (begge skuleslaga) 
  • foreldreråd (grunnskulen)
Kriterium/vilkår

Ingen av råda eller utvala har avgjerdsmynde, men dei gjev elevar og foreldre eit forum for å utveksle meiningar og høve til å gje felles uttaler. 

Regelverk

Opplæringslova kapittel 11 og § 9A-8



Lover
Opplæringslova
Praktiske opplysninger
Kontaktinformasjon
Ansvarlig eining
Avdeling:Rådmann
Leder:Hilde Aartun Haraldseide
Telefon:53758020
Kontaktpersonar
Dagfinn Garnes Johnsen (Pedagogisk rådgjevar)
Telefon: 53758125
Mobil:
Telefaks:
Epost: dagfinn.garnes.johnsen@etne.kommune.no
Andre opplysningar
Dato oppdatert
2019-01-22 11:44