Du er her: Heim Tenester A-Å

Brukarstyrt personleg assistanse

Oppdatert: 10.04.2017 14:04
Generelt
Omtale

Brukarstyrt personleg assistanse, BPA er ein alternativ måte å organisere tenestene praktisk bistand og opplæring(personleg assistanse) på for personar med nedsett funksjonsevne og stort behov for bistand i dagleglivet, både i og utanfor heimen . Målet er å bidra til at personar med stort bistandsbehov får eit aktivt og mest mogleg uavhengig liv til tross for funksjonsnedsettinga.

Ordninga omfattar praktisk bistand og opplæring, støttekontakt, og avlastning (barn). Punktvis tilsyn/hjelp er ikkje ein del av ei BPA-ordning. Tenester som krev medisinsk-fagleg kompetanse skal ikkje inngå i tildeling av BPA. Her kan BPA kombinerast med andre tenester i kommunen, som heimesjukepleie

 

Målgruppe

Brukar som har samansette og omfattande hjelpebehov

Brukar som er i stand til å ta arbeidsleiarrolla, eller har nokon som kjenner brukaren godt og kan stå som arbeidsleiar.

Brukar som har eigeninnsikt og som har ressursar til aktivt liv i og utanfor bustaden.

 

Kriterium/vilkår

Dei som er under 67 år.

Dei som har eit langvarig behov med ein lengde på meir enn 2 år.

Dei som har samla vedtak påmeir enn 25 timar pr veke.

Dei som treng tenester som praktisk bistand og opplæring, støttekontakt og avlastning etter helse og omsorgstenestelova. BPA skal dekke desse behova og skal vere ein måte å organisere desse tenestene på.

Dei som kan vera arbeidsleiar sjøv eller har nokon som kjenner ein godt som kan ta rolla for ein.

 

 

    Pris for tenesten

    Det vert tatt eigenandel for den delen av tenesta som omhandlar praktisk bistand.


    Regelverk

    Viser til lovverk og rundskriv



    Lover
    Helse- og omsorgstjenesteloven
    Pasient- og brukerrettighetsloven

    Rettleiing
    Brukerstyrt personlig assistanse (rundskriv)
    Brukerstyrt personlig assistanse (rundskriv)
    Rett til egen tros- og livssynsutøvelse
    Rettighetsfesting av brukerstyrt personlig assistanse (BPA) (I-9/2015)
    Praktiske opplysninger
    Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

    Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om personleg assistanse, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på dine vegner, må vedkommande ha fullmakt.

    Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om personleg assistanse, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på dine vegner, må vedkommande ha fullmakt.

    Søknad om kva ein treng hjelp til sendast til kommunen. Sakshandsamar vil ta eit heimebesøk og kartlegge/samtale nærmare om behovet.

    Tildeling av timar skal gjerast på same måte som innanfor dei same rammene som dei andre tenestene i helse og omsorgstenestelova. Det vil bli spesifisert i vedtaket kor mange timar som er tildelt innanfor dei ulike behova, som praktisk bistand, personleg hjelp og sosiale timar. 

    Dersom brukaren sitt behov for tenester er uforutsigbart eller varierande frå veke til veke, skal det vera det gjennomsnittlige timebehovet som må leggast til grunn ved vurderinga av om vedkommande har rett til BPA.

    Dersom ein kjem opp i timetal, kan ein såvurdere om det vil vera best åorganisere det som BPA.

    Ein føresetnad for å gå vidare i prosessen er om ein sjølv eller nokon som kjenner ein godt kan gå inn i rolla som arbeidsleiar.

    BPA er ein alternativ måte å organisere tenestene på.

    Har ein samla vedtak om t.d praktisk bistand og opplæring, støttekontakt, eller t.d avlastning(gjeld barn) på 32 timar pr veke er det rettighetsfesta at ein kan få organisert tenestene som BPA.

    Dersom vedtak er på mellom25 og 32 timar i veka og kommunen kan dokumentere at organisering av BPA medfører auka kostnader, kan kommunen sei nei og organisere tenestene på ein annan måte.

     

    Skjema
    Søknad om helse- og omsorgstenester
    Vedlegg

    Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon som søkjer for deg.

    Søknaden sendes til

    Etne Kommune, v/helse,

    Sjoarvegen 2,

    5590 Etne

    Sakshandsaming

    Før saka kan bli avgjort, vil vi kartleggje ønska og behova dine nærmare. Normalt vil vi kome på heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.

    Sakshandsamingstid

    Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom det ikkje kan gjerast vedtak i saka innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.

    Klagemulighet

    Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast.Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Blir avgjerda ståande, blir saka send vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

    Kontaktinformasjon
    Ansvarlig eining
    Avdeling:Helse
    Leder:Hilde Høyland
    Kontaktpersonar
    Hilde Høyland (Helseleiar)
    Telefon: 53 75 81 21
    Mobil:
    Telefaks: 53 75 80 01
    Epost: hilde.hoyland@etne.kommune.no
    Andre opplysningar
    Arbeidsgivaransvar

    Kommunen er per d.d ikkje leverandør av arbeidsgjevaransvar for BPA-ordningar, og dei som er tildelt vedtak om BPA kan i samarbeid med kommunen vurdere private leverandørar som leverandør av arbeidsgjevaransvar for ordninga.

     

    Kommunen gir ikkje pårørande eller andre nærståande rett til å bli tilsette i ei slik ordning. 

     Kommunen set som krav at arbeidsleiar må gje tilbakemelding på spørsmål frå kommunen om korleis ordninga fungerer for å kvalitetssikre tenesta. Kommunen skal sjå til at tenesta er fagleg forsvarleg og skal difor ha innsyn i ordninga.

    Assistentane har dokumentasjonsplikt på nødvendig og relevante helseopplysningar etter helse og omsorgstenestelova

     

     

    Dato oppdatert
    2017-04-10 14:04