Sommar_barn

Bry deg litt ekstra om borna i sommar

No nærmar det seg sommar og ferietid, og vekene vi har framfor oss, vil bli annleis på mange måtar. Mange barn vil ha ekstra stort behov for å bli sett av trygge vaksne i nærmiljøet denne sommaren.

– For barna som har ei mamma eller ein pappa som drikk for mykje, kan nye veker borte frå skule og barnehage vera ekstra vanskelege, seier Randi Hagen Eriksrud, generalsekretær i alkovettorganisasjonen Av-og-til. Ho oppmodar folk i Etne kommune til å følgja med og ta affære dersom dei er bekymra for eit barn.

Etne er ein Av-og-til-kommune. I fleire år har vi jobba saman med Av-og-til for å førebyggja og redusera alkoholskadar og gjera kvardagen tryggare for alle.

Derfor ynskjer vi å koma med ei oppmoding til alle vaksne: Tenk over din eigen alkoholbruk saman med barn i sommar, og ver merksam på om det er barn i omgangskretsen din som kan ha behov for at nettopp du rekkjer ut ei hand.

Slik kan du hjelpa:

  • Bruk alkovett saman med barn. Vaksne endrar seg når dei drikk alkohol, og mange barn synest det er ubehageleg og utrygt. Snakk med dei du har ei uro for.
  • Dersom du er bekymra for at eit barn ikkje har det bra heime, er det viktig å visa at du bryr deg. Spør barnet korleis det går, og gi det tid og omsorg.
  • Inviter barnet med på familieaktivitetar som grilling, strandtur eller spelekveld.
  • Dersom du er usikker på kva du skal gjera, eller mistenkjer at situasjonen er akutt, kan du ringja Alarmtelefonen for barn og unge på 116 111. Der kan du få råd og hjelp frå fagpersonell.

Vi ynskjer dykk alle ein god og trygg sommar!

Vil du lesa meir?

Besøk Av-og-til på nett: https://avogtil.no/tema/barn-og-unge/

Tips ein ven  Skriv ut